Hei!
To bortekampar i helga.
Laurdag spelte jentene mot Nordre Trysil. Tapte 2-0.
Svak kamp av jentene der dei berre i korte perioder fekk til godt spel.
Hadde nok med å forsvare seg og tapet kunne fort vore endå større.
Kampen gjekk på ein ujevn grasbane.
Søndag spelte jentene mot Elverum. Tapte 1-0.
Jevn fyrsteomgang der det var store sjanser til begge lag. Elverum scora rett før pause
på eit langskot. Elverum kom lett fram på kantene før pause men i 2.omgang klarte jentene å demme
opp. La om formasjon i pausa. Valdres var det klart beste laget i 2.omgang og hadde fortjent å få med seg poeng frå denne kampen.
Laget har problem med å score mål sjølv om dei spelar seg fram til fleire store sjanser. Var åleine med keeper fleire gonger og hadde eit skot i tverrligger. God laginnsats i denne kampen.
Helsing Tor Skattebo
Trenervikar i desse to kampane då Joakim var i eit bryllaup i Italia.