Våre lag
Valdres FK Jr - Toten

6. april 2025 0.00
Skreia 0 - 5 Valdres FK Jr
Viktor Rotevatn Dahlen: 3 mål
Ola Bordewich Strøm: 3 mål
Mykyta Honcharenko: 1 mål

Valdres FK får 300 000 kroner frå VNK

 Det er dette me har vore på jakt etter, og kronene er ei anerkjenning av arbeidet som har blitt gjort! Styremedlem Bjørg Brestad var klar i konklusjonen etter at dagleg leiar Jan Tore Vik i Valdres FK hadde orientert om handlingsplanen og arbeidet i klubben på dagens styremøte.

Dag Arne Henriksen som representerer Oppland fylkeskommune i styret, var like klar. - Dei har skjønt oppgåva si i forhold til folkehelse, bulyst, tilhøyrigheit og identitet. Valdres FK er ein eminent operatør av dei verdiane VNK står for. Dei representerer eit grunnfjell av folk som er genuint opptekne av fotballen, og dei verdiane som Vik her la fram for oss, sa han blant anna.

- Tildelinga frå oss må knytast opp mot handlingsplanen dei har vedteke, og som samsvarar godt med våre verdiar, poengterte Kjell Berge Melbybråten. Eingongsstøtta på 300 000 kroner vart deretter samrøystes vedteke. Administrasjonen fekk i oppgåve å hente inn midlane frå budsjettkapitlet merkevarebygging, kultur og tilflytting.

 

Handlingsplanen for Valdres FK som gav uttelling kan lesast her:

http://www.valdres.no/images/stories/Filer/Filer_2013/Handlingsplan_2013.pdf

 valdres_logo.png

Gå til nyhetsarkivet

Kommende kamper på Blåbærmyra
» Valdres TV » Facebook
GENERALSPONSOR
HOVEDSPONSOR