Det blir oppgjør i andre divisjon både laurdag og sundag på Blåbærmyra. Herrene møter Grorud laurdag mens damene tek imot Vålerenga 2 dagen etter. For båe laga gjeld det at troppen er redusert pga. skader.
Herrene har hatt eit tett program dei siste vekene. Kampen i helga blir nummer fem på tretten dagar. Dermed har også slitasjen på mannskapet blitt i overkant stor. Mot Grorud er Srdjan Radovic og Kristian Tuv definitivt ute med skader. Mato Grubisic er heller ikkje bra frå ankelskaden, men er likevel med i troppen(!) Nye folk på skadelista etter cupkampen på Hamar er Pachu og Mesüt Can. Båe desse er usikre foran kampen i morgon, og tilstanden vil bli vurdert heilt opp til kampstart.
Motstandar Grorud er eit lag med gode individualistar og har gode folk framover på bana. I motsetnad til Valdres spelte ikkje Grorud cup midt i veka, og kan dermed møte utkvilte til kampen på Blåbærmyra. Så spørs det om Valdres greier å nullstille seg og finne at slagkraften til eit oppgjer som blir minst like vanskeleg som forrige helgs oppgjer mot Brumunddal.
I dametroppen er fire spelarar ute med skade. For Stine Bæra er sesongen over etter korsbandskade i første kampen i år. Malin Celius er i same situasjon. Langtidsskadd er også Anette Hagasæt. Her er det snakk om ein belastningsskade som truleg held henne utanfor heile første halvdel av sesongen. Den siste på skadelista er Lene Moen, som har fått ein vridning i kneet. Trass i dette meiner Ole Anders Ulven at Valdres skal kunne vere med å kjempe om poenga, både denne helga og i neste runde mot Lillestrøm. -Det vil vere viktig at me tek tak i kampen og greier å spele vårt eiget spel, meiner Ulven.