Ridabu - Valdres FK » Black River Park » 26. mai 2024 14.00
Seniorlagene
Ridabu - Valdres FK
Black River Park
26. mai 2024 14.00
Valdres FK  -  Kolbu KK
Gjensidigebanen KG
Mikkel Lysne Bellika: 8 mål
Ola Bordewich Strøm: 4 mål
August Dygd Moberg: 4 mål

Sesongåpning for damer og herrer i kveld

Damelaget stiller ein skadefri tropp, med unntak av Anette Hagasæt som er langtidsskadd. Trener Ole Anders Ulven meiner at det skal være godt håp om poeng mot andrelaget til Kolbotn, som i fjor havna om lag midt på tabellen. Ulven trur at avdelinga kjem til å bli jamn, men han held Lyn som knepen favoritt.(I parentes legg vi til at Lyn i går slo Øvrevoll Hosle heile 8-0). Kampstart er 18.45 (!)

Herrelaget har sin serieopning mot Strømsgodset 2 på Marienlyst kl. 18.00. Laget har ingen skader, men Shkodran Rexhaj har slite med sjukdom og måndagen vil vise om han er kampklar. Som vanleg er det usikkert kva slags mannskap andrelaga stiller med, men truleg blir det mange unge spelarar. Vi merkar oss elles at Valdres ofte gjer det bra mot andrelaga til tippeligaklubbane; i fjor tok vi 10 av 12 poeng mot Molde og Ålesund. Lesarar med god hukommelse vil også hugse at den aller første kampen til Valdres FK i andre divisjon var mot nettopp Strømsgodset 2. Kampen gjekk på Blåbærmyra og enda 3-3. Sist vi gjesta Marienlyst var i august 2010. Den gongen vart det ti mål, og seks av dei til Strømsgodset! Vi får tru at forsvarsarbeidet har kome seg noko sidan den tid.

Som sagt - vi vil prøve å vera nokonlunde ajour med utviklinga i kampane og halde lesarane oppdaterte.

Odds på Strømsgodset 2 - Valdres FK:

 Nordic Bet:     H 1,55    U 4,70        B 3,70

Norsk Tipping:   1,40       4, 20           3,75

Gå til nyhetsarkivet

Kommende kamper på Blåbærmyra
mandag 20.05 kl. 15.00
Valdres FK 2 - Vang FK
lørdag 25.05 kl. 15.00
Valdres FK - Nordre Land/Torpa
4. div. kvinner
søndag 02.06 kl. 15.00
Valdres FK - Kongsvinger
G19 Elite
» Valdres TV » Facebook
GENERALSPONSOR
HOVEDSPONSOR