Kampane i fjor enda med eit poeng til Valdres, etter 1-3 og 1-1. Som Valdres hadde Follo ein elendig haustsesong, men greide til slutt å berge 10. plasen. Året var prega av økonomiske problem som førte til at fleire nøkkelspelarar måtte forlate klubben. Ein av dei var Christian Bwamy.
Nå ser det lysare ut for Follo, og vi merker oss at laget den seinare tid har spela uavgjort 1-1 mot både Birkebeineren og Tønsberg, begge lag frå vår avdeling. Elles har storscorar Eirik Markegård nå vendt attende etter ei periode i Strømsgodset, - kanskje positivt for oss ettersom vi møter Strømsgodset 2 i første kampen. I fjor banka han inn 23 mål for Godset 2! Martin Andresen vil også halde fram å spela kampar for Follo, men kor mange er ikkje godt å seie.
Dagbladet tippar Follo på 9. plass i si avdeling, mens Valdres blir tippa på......8.plass!
Kampen går på Østre Greverud kunstgress kl. 14.00.