Seniorlagene
Valdres FK jr - Nordre Land
Gjensidigebanen KG
23. april 2024 19.30
Valdres FK jr  -  Elverum
Gjensidigebanen KG
Mikkel Lysne Bellika: 4 mål
August Dygd Moberg: 2 mål
Even Neshagen: 1 mål

Ingen tvil!

Valdres tok dobbeltsiger mot Hallingdal på Blåbærmyra laurdag, ettersom både fotballkampen og pølseetinga endte med heimesiger. Valdres FK gjorde fem mål og Plomma åt elleve og ei halv pølse!

Tilreisende supportarar frå grannedalføret beit godt frå seg både før og etter kampen på Blåbærmyra. Det er eit stort spørsmål kven som sang minst falskt av dragene frå Valdres og gaupene frå Hallingdal, men både førespel og etterspel gjekk føre seg i gemyttelege former, som seg hør og bør med gode grannar. Vi takkar for oppmøtet og ser fram til eit nytt møte på Gol til hausten!

På banen vart det fort klart kven som var beste laget. Aidan Hawtin gjorde 1-0 etter å ha fått ein fin crossar frå Sebastian Stenqvist. Engelskmannen dobla leiinga mot slutten av omgangen då han smelte ballen i krysset frå kanten av sekstenmeteren. Praktskåring! I andre omgang avgjorde Anders Grøndahl kampen med eit skot frå skrått hald, mens Sebastian Stenqvist tok ned ballen på brystkassa og sette kontrollert inn nummer fire. Joakim Halvorsen sette punktum med 5-0 mot slutten av kampen etter å ha fått eit innlegg frå kanten som han berre hadde å breidside i mål.

Hallingdal greide aldri å gje oss skikkeleg match denne gongen, og var sjeldan farlege framover på bana. Ein skikkeleg målsjanse var alt hallingane fekk til på 90 minutt. Det vart difor aldri den store spaninga i kampen, men likevel god underhaldning for dei mange frammøtte. Valdres gjorde ein solid kamp defensivt, sjølv utan lagkaptein Øyvind Lund, og spesielt gledeleg var det at Sebastian Stenqvist fekk si første skåring.

Drageberget med dirigent Jan Erik Mathisen synte god dagsform og dominerte tribuna, mens Plomma tok sigeren i pølseetinga med ein sterk sluttspurt. 17. mai vil utan tvil bli eit antiklimaks etter dette!

DSC_8883.JPG

Viktige engelskmenn: Aidan Hawtin og Sam Humphreys. Aidan vart kåra til banens beste laurdag.

Gå til nyhetsarkivet

Kommende kamper på Blåbærmyra
søndag 21.04 kl. 16.00
Valdres FK - Raufoss 2
4. div menn
» Valdres TV » Facebook
GENERALSPONSOR
HOVEDSPONSOR