A-lag Herrer
Østsiden 1 - 4 Valdres FK
Østsiden idrettsplass
Simen Høglien: 15 mål
Kyle Spence: 10 mål
Thomas Brekken: 6 mål

Ungdomeleg lag mot Vålerenga 2

Valdres FK stiller eit ungdomeleg lag mot Vålerenga 2 i Valhall laurdag. Alonso Sanchez Gonzales held fram i si nye rolle som spiss, denne gongen saman med Andreas Dyve. Stig Ørjan Karenstuen og Rafał  Turczyn (bildet) er mellom dei som startar.

Startoppstilling:

                  Varpestuen

Rabben    Karenstuen     Volden     Brekken

Chappy    Nerli      Laham      Turczyn

              Dyve       Gonzalez

 

I tillegg kjem Jonas Johansen, 18-åring frå Strømsgodset, truleg til å kome innpå for Valdres. Johansen er ein særs rask kantspelar, som har debutert i  cupkamp for A-laget til Strømsgodset så seint som i 2013. Han har også vore elev ved Scandinavian Football School. Sammen med Bongana Monga, som tidlegare har vore på prøvespel, får Johansen tilbod om å flytte til Valdres og spele for Valdres FK.  Han kan fort bli en publikumsyndling, meiner trenar Tsolis, som også karakteriserar Johansen som ein " herlig og jordnær type". Monga er småskada og spelar truleg ikkje denne helga.

Dei to spelarane frå Colombia, som har vore omtala i OA, kjem ikkje til å spele laurdag. Heilt utelukka er det likevel ikkje at dei kan dukke opp ved eit seinare høve. Trenar Leif Tsolis seiner at Valdres høgst sannsynleg kjem til å knytte til seg 3-4 klassespelarar i tillegg til dei som er nemnde.  Men Tsolis er opptatt av å finne dei rette, og vil ikkje forhaste seg. - Og det er enno to og ein halv månad at til seriestart, minner han om.

Gå til nyhetsarkivet

Kommende kamper på Blåbærmyra
» Valdres TV » Facebook
GENERAL
BANK & FORSIKRINGSLAUGET
HOVEDSPONSOR GULL