Gjøvik-Lyn 2 - Valdres FK » Gjøvik stadion » 13. mai 2024 19.30
Seniorlagene
Valdres/Fagernes - Kongsvinger 2
Gjensidigebanen KG
9. mai 2024 15.00
Hamar IL  -  Valdres FK jr
Børstad Kunstgress
Mikkel Lysne Bellika: 6 mål
August Dygd Moberg: 4 mål
Ola Bordewich Strøm: 3 mål

Ungdommen rykker fram!

Eit ungdomeleg Valdres-lag sendte Lyn heim med 0-1 i ettermiddag. Det var Ardjan Fera som avgjorde kampen med ei flott skåring etter 26 minutt i fyrste omgang. Dermed tok Valdres eit viktig steg mot ny kontrakt i andre divisjon, sjølv om ingenting er avgjort enno. Biletet: Thomas Brekken, Lars Fr. Brateng og Andreas Dyve er lokale ungdomar som alle spelte frå start i kveld.

Valdres stilte i ettermiddag utan Robert Rabben og Alonso Gonzalez. Etter mykje at og fram vart det til sist klart at Alonso måtte stå over likevel pga. gule kort. Dermed tok Lars Fredrik Brateng plassen til Rabben på høgre back, mens Manuel Hervas vart kjørt fram på midtbana.

Heimelaget imponerte i første omgang med kjapp og presis fotball. Lyn fekk meir enn nok med å prøve å tette at bakover. Det greide dei stort sett, men ikkje etter 26 minutt då Ardjan Fera fyra av frå tjue meter. Ballen skrudde fint over keeper og i mål. Mot slutten av omgangen hadde både Lyn og Valdres store sjansar, men utan å lykkast.

DSC_1437.JPG

Ardjan Fera har sett inn 1-0.

Valdres var ikkje like imponerande i andre omgang, men hadde god kontroll bakover. Det var særs bra forsvarsspel Valdres viste i kveld, med Wiik og Karenstuen i midten og Brateng/Brekken på kantane. Som i sist heimekamp vart Thomas Brekken kåra til dagens mann av det sterkt reduserte Drageberget.

I andre omgang måtte Kalle Neale og Manuel Hervas ut med skader. Hervas er det ingen fare med, men Kalle Neale har alvorlege problem med mage/hofteregionen. Sjølv er Neale redd for at sesongen kan vere over for hans del. Positivt  er det derimot at "Mac" Laham kom på banen. "Mac" trengs absolutt i ein spanande avslutning av sesongen.

 DSC_1500.JPG

"Mac" er attende!

 

 

Gå til nyhetsarkivet

Kommende kamper på Blåbærmyra
torsdag 09.05 kl. 15.00
Valdres FK - Kongsvinger 2
4. div. kvinner
tirsdag 14.05 kl. 19.30
Valdres FK 2 - Bagn IL
torsdag 16.05 kl. 19.30
Valdres FK - Kolbu KK
4. div menn
» Valdres TV » Facebook
GENERALSPONSOR
HOVEDSPONSOR