A-lag Herrer
Østsiden 1 - 4 Valdres FK
Østsiden idrettsplass
Simen Høglien: 15 mål
Kyle Spence: 10 mål
Thomas Brekken: 6 mål

10-mann Valdres vann 3-0!

Valdres hadde gjort ein endring frå forrige helgs 1-7 tap mot Alta. Joakim Wiik vart denne gongen  trekt inn som midtstoppar, mens Thomas Brekken tok over for Wiik på venstre back. Korkje Manuel Hervas eller Ardjan Fera var klare etter skade, så det var i utgangspunktet eit svekka Valdres-lag som stilte til kamp. 

Første omgangen var nokså jevn og fattig på sjanser, men etter 36 minutt vart det dramatikk: Alonso Sanches Gonzales fekk gult kort etter knuffing i feltet før ein Fram-corner. Like etterpå fekk Alonso eit nytt gult og dermed raudt kort. Grunnen var truleg at dommaren meinte han filma for å få frispark, men det var ikkje mange på Blåbærmyra som forstod avgjerda til dommar Shervin Heydary frå Løten.

DSC_0527.JPG

Alonso får det første gule.

Det var heller ikkje mange som venta at Valdres skulle dra i land tre poeng etter dette, men utvisinga så ut til å tenne både spelarar og publikum. Kvarteret ut i andre omgang fekk Valdres straffe etter at Pachu vart lagt ned i feltet. Simen Høglien var sikker frå merket. Så var det klart for to scoringar frå absolutt øvste hylle: Andreas Dyve kom seg fint fram på høgresida og la ein perfekt crossar framfor mål. Der dukka Kalle Neale opp og feide ballen i mål på heil volley. Ei vakker scoring! Ti minutt seinare var det klart for Høglien nok ein gong: Gudbrandsdøln fekk stjernetreff frå 25 meter og ballen fauk inn i vinkelen til høgre for keeper.

Dermed var kampen i røynda avgjort. Fram var usedvanleg bleike denne gongen, og det var sjeldan farleg framfor Gonzalo i Valdres-målet. Godt hjelpt av eit entusistisk Drageberg kunne dermed Valdres dra i land tre poeng utan altfor store problem.

Simen Høglien vart kåra til dagens beste av Drageberget, men det var mange kandidatar til prisen. Det nykomponerte stopparparet Karenstuen/Wiik var blant dei som løyste oppgåvene på ein framifrå måte. Eit skår i gleda var det at "Mac" Laham måtte ut på båre i siste speleminuttet, truleg med eit overtråkk.

Gå til nyhetsarkivet

Kommende kamper på Blåbærmyra
» Valdres TV » Facebook
GENERAL
BANK & FORSIKRINGSLAUGET
HOVEDSPONSOR GULL