Valdres FK - Flisa » Gjensidigebanen KG » 5. mai 2024 15.00
Seniorlagene
Valdres FK jr - Elverum
Gjensidigebanen KG
27. april 2024 13.00
Valdres FK jr  -  Nordre Land
Gjensidigebanen KG
Mikkel Lysne Bellika: 6 mål
August Dygd Moberg: 2 mål
Israil Edilsultanov: 1 mål

Fredrikstad vart ingen match!

Juniorane hadde små problem med å ta alle poenga mot Fredrikstad i kveld. 3-0 stod det på tavla etter 90 minutt, etter scoringar av Veimodet, Hoberg og Hagadokken.

Valdres fekk overraskande lett spel mot Fredrikstad. Våre folk var sterkare fysisk enn gjestane, vann fleire duellar og hadde det meste av spelet. Det var difor aldri tvil om kor poenga kom til å havne.

DSC_1685.JPG
 Keeper Bakken (biletet) måtte rett nok strekke seg eit par gonger, og østfoldingane kunne med litt hell hatt eit mål eller to. Det var til dømes gjestane som fekk den første store sjansen etter corner midtvegs ut i omgangen. Men like etter var det klart for 1-0: Joar Robøle Hoberg gjorde flott forarbeid og Knut Olav Veimodet hadde berre å trille ballen i mål. Etter 40 minutt syntes Hoberg det var best å gjere alt sjølv: Han førte ballen tjue meter gjennom Fredrikstad-forsvaret før han sette inn 2-0 med ein hard markkrypar nede i hjørnet.
 DSC_1735 (2).JPGDagens mann: Joar Robøle Hoberg. Henrik Fossholt til høgre.

Andre omgangen held fram i same spor som i første. Båe laga hadde sjansen til å score, men det var berre Rolf Erik Hagadokken som fekk ballen i mål. Det var Jon Fossholt som førte opp på venstresida og sendte i veg eit skot som keeper berre halvklarte. Returen sette Hagadokken sikkert i mål. Resten av kampen hadde Valdres full kontroll, og lot aldri gjestene frå plankebyen koma inn i kampen.

Joar Robøle Hoberg var nok Valdres sin beste i kveld, men det var god innsats over heile linja.

 DSC_1687.JPG Følgde interessert med: A-lagstrenarane Skouboe og Hervas.

 

 

Gå til nyhetsarkivet

Kommende kamper på Blåbærmyra
søndag 05.05 kl. 15.00
Valdres FK - Flisa
4. div menn
søndag 05.05 kl. 15.00
Valdres FK - Fron/Otta/Lom
4. div. kvinner
» Valdres TV » Facebook
GENERALSPONSOR
HOVEDSPONSOR