Seniorlagene
Valdres FK jr - Nordre Land
Gjensidigebanen KG
23. april 2024 19.30
Valdres FK jr  -  Elverum
Gjensidigebanen KG
Mikkel Lysne Bellika: 4 mål
August Dygd Moberg: 2 mål
Even Neshagen: 1 mål

Festfotball på Myra!

Valdres serverte til tider festfotball på Blåbærmyra i kveld då Odd 2 vart sendt heim med 0-4. Aller mest festleg var Ardjan Fera (biletet) som banka inn tre herlege mål i andre omgang.

Valdres hadde sjukdomsforfall frå kaptein Joakim Wiik i kveld. Inn på venstre back kom difor Thomas Brekken, som løyste oppgåva bra. Ellers starta Gonzalo i mål, Rabben, Hervas, Karenstuen og Brekken i forsvar, midtbane med Pachu, Fera, Morgan og Alonzo, mens Neale og Høglien spelte på topp.

Heimelaget hadde ballen mykje i første omgang, men utan å koma til altfor mange sjanser. Istaden var det Odd som var nær scoring etter 22 minutt då ballen gjekk i tverrliggaren frå fem meter. Like etterpå hadde gjestene ballen i mål, men scoringa vart annulert for dytting i feltet. (Sjå biletet under.)

DSC_1519.JPG

Valdres var farlegast når Robert Rabben kom fram på høgresida. Dette skjedde blant anna etter 38 minutt, då han skrudde eit innlegg inn framfor mål. Der kasta Simen Høglien seg fram og stanga inn 1-0. Flott scoring!

DSC_1533.JPGSimen har sett inn 1-0.

Andre omgang starta med ein stor Odd-sjanse. Men keeper Gonzalo gjorde ein  kjemperedning og slo ballen til corner. Deretter var det klart for Ardjan Fera- show. Ardjan banka ballen i mål etter 53 og 61 minutt etter flotte kombinasjonar i angrep. Den andre scoringa kom etter at Høglien først hadde satt ballen i tverrliggaren. Ekte hat-trick vart det etter 72 minutt då Fera drog seg forbi Odd-forsvaret og sette ballen ettertrykkeleg i netet. Det er sjeldan å sjå avslutningar som det Fera viste i kveld, i alle høve på Blåbærmyra!

Valdres hadde store sjanser til å gå opp til 5-0, men det vart med dei fire måla. Ardjan Fera vart naturleg nok kåra til Valdres sin bestemann, men det var mange som var gode, særleg i andre omgang. Manuel Hervas dirigerte stort i forsvar og Kalle Neale sprang som ein helt i nitti minutt, berre så synd at ballen ikkje ville i mål. Robert Rabben gjorde truleg sin beste kamp hittil i Valdres-trøya. Anders Ellingseter kom inn i andre omgang, det same gjorde Lars Fredrik Brateng.

DSC_1644.JPG

Dagens mann!

Valdres gjorde med dette eit byks på tabellen, og er no oppe på åttande plass med 8 poeng etter seks kampar.

 

Gå til nyhetsarkivet

Kommende kamper på Blåbærmyra
søndag 21.04 kl. 16.00
Valdres FK - Raufoss 2
4. div menn
» Valdres TV » Facebook
GENERALSPONSOR
HOVEDSPONSOR