A-lag Herrer
Østsiden 1 - 4 Valdres FK
Østsiden idrettsplass
Simen Høglien: 15 mål
Kyle Spence: 10 mål
Thomas Brekken: 6 mål

Vanskeleg økonomi i klubben

Rekneskapen for 2012 syner at Valdres F.K. gjekk med eit underskot på vel 177.000 kr. i fjor.  Resultatet er betre enn i 2011, men gjeldsbyrden tek no til å bli eit alvorleg problem for klubben. Bildet: Sentrale personar i Valdres F.K: Kjell Håvard Tuv, Hilde Rogne Brenden og Ole Skouboe

Sportsleg sett var sesongen 2012 særs vellukka. Herrelaget kom på 7. plass i 2. divisjon og damene greide å behalde plassen i sitt første år på dette nivået. Største prestasjonen stod nok likevel juniorane for, med opprykk til Interkretsserien etter ein fantastisk avslutning på året. Men også dei andre laga til Valdres FK gjorde ein god sesong.

Økonomisk sett står det altså ikkje så bra til. Rett nok vart underskotet redusert frå 496.000 i 2011 til 177.00 i 2012, men dette fører likevel til ein negativ eigenkapital på 819.00 kr. Utfordring for komande år er då først og fremst å auke inntektene til klubben. Budsjettet for 2013 legg då også opp til ein auke i omsetjinga på 775.000 kr. På utgiftssida er m.a. posten lønn til spelarar betrekteleg redusert.

Under årsmøtet vart Kjell Håvard Tuv attvald som styreleiar og får med seg Hilde Rogne Brenden som nestleiar. Styremedlemmer: Jarle Strandbråten, Randi I. Stenberg, Mikael Fønhus og Kirsti Holmen (nye), Olav Martin Belgum og Svein Høgsnes (ikkje på val).

Mons Høe, Ole Arne Kvålshaugen Gunn Merethe Nereng og Roar Nerli hadde sagt frå seg attval, og leiaren takka alle for innsatsen i styret.

 

Gå til nyhetsarkivet

Kommende kamper på Blåbærmyra
» Valdres TV » Facebook
GENERAL
BANK & FORSIKRINGSLAUGET
HOVEDSPONSOR GULL