Valdres FK - Flisa » Gjensidigebanen KG » 5. mai 2024 15.00
Seniorlagene
Valdres FK jr - Elverum
Gjensidigebanen KG
27. april 2024 13.00
Valdres FK jr  -  Nordre Land
Gjensidigebanen KG
Mikkel Lysne Bellika: 6 mål
August Dygd Moberg: 2 mål
Israil Edilsultanov: 1 mål

Valdres FK nær konkurs

Valdres FK kan bli slege konkurs dersom ikkje klubben greier å betale eit krav frå Skatt Øst på 234.000 kr. innan 15. april. Kampen mot Alta dagen før kan difor bli den siste for "Opplands stolthet". Biletet: Det kan bli stille på Blåbærmyra etter 15. april.

Det har lenge vore kjend at Valdres FK har slite med økonomien. Ifølgje rekneskapen for 2012 var gjelda ved årsskiftet oppe i om lag 819.000 kr. Av dette er det altså eit krav frå Skatteetaten på 234.000 for arbeidsgjevaravgift og moms som må betalast straks. Klubben har alt fått utsetjing eit par gonger, men har no fått beskjed om at fristen på 15. april er endeleg. Er ikkje pengane kome på konto denne datoen, blir det levert begjæring til Skifteretten dagen etter.

Styreleiar Kjell Håvard Tuv seier at situasjonen er særs alvorleg, men at ein enno ikkje har gjeve opp. Utanom krava frå Skatteetaten er det også ein del andre postar som må dekkast, m.a. har ikkje dagleg leiar Jan Tore Vik fått løn sidan desember.- Vi veit at Jan Tore har litt på kistebotnen, seier Tuv, så dette tek vi ikkje altfor tungt. Det er verre med skattefolka. Her har vi tilbode delbetaling både i form av sponsoravtale og plass på VIP-tribuna, men det har vore som å tala til veggen. Nå vil vi gå ut med ein innstendig appell til næringslivet i Valdres om å støtte oss. Som ein start har firmaet mitt, Ysteriutstyr, vedteke å gå inn med 100 kr. Eg vil oppmode alle andre næringslivsaktørar om å fyljge etter!

DSC_0890.JPG

Styreleiar Kjell Håvard Tuv ber om hjelp.

Personar eller firma som kan tenke seg å bidra til redningsaksjonen kan ringe Tuv på telefon 91324077 så fort som råd.

Gå til nyhetsarkivet

Kommende kamper på Blåbærmyra
onsdag 24.04 kl. 19.29
Valdres FK - Nordre Land
G19 Elite
søndag 05.05 kl. 15.00
Valdres FK - Flisa
4. div menn
søndag 05.05 kl. 15.00
Valdres FK - Fron/Otta/Lom
4. div. kvinner
» Valdres TV » Facebook
GENERALSPONSOR
HOVEDSPONSOR