A-lag Herrer
Valdres FK  -  Vard Haugesund
Gjensidigebanen
Joey Salden: 2 mål
Eskil Fugllien Hauge: 1 mål
Shane Donaghey: 1 mål

Spansk keeper truleg til Valdres

Den spanske keeperen Gonzalo Gutièrrez er truleg på veg til Valdres. Klubben er samd med Gutièrrez om vilkåra for ein korttidskontrakt, og berre detaljar står at før spanjolen kan setje kursen mot Valdres.

Gutièrrez har spela landskamper for Spania U 16 og U 17. Han er 25 år og kjem frå Madrid.  Gutièrrez starta karriera i Real Madrid B, har vore innom Getafe B og spelte siste sesongen for Cadiz på nivå 3 i Spania. Her kan du sjå video frå presentasjonen som Cadiz-spelar i 2011:

http://www.lavozdigital.es/videos/deportes/cadiz-cf/1090424657001-presentacion-gonzalo-gutierrez-cadiz.html

Ifølgje dagleg leiar Jan Tore Vik er det ikkje snakk om prøvespel for spanjolen. Gutièrrez får kontrakt "usett", ut i frå tidlegare prestasjonar og attestar frå m.a Manuel Hervas, som kjenner Gutièrrez frå tidlegare. Dermed må Tomas Varpestuen bu seg på hard kamp om keeperplassen komande sesong.

Gå til nyhetsarkivet

Kommende kamper på Blåbærmyra
lørdag 20.07 kl. 13:00
Valdres FK - Vard Haugesund
Norsk Tipping -ligaen
tirsdag 20.08 kl. 19:30
Valdres FK - Ridabu
G19 1. div
torsdag 22.08 kl. 19:30
Valdres FK - Lunner
Damer 3. div
» Valdres TV » Facebook
GENERALSPONSOR
HOVEDSPONSOR