Valdres FK - Flisa » Gjensidigebanen KG » 5. mai 2024 15.00
Seniorlagene
Valdres FK jr - Elverum
Gjensidigebanen KG
27. april 2024 13.00
Valdres FK jr  -  Nordre Land
Gjensidigebanen KG
Mikkel Lysne Bellika: 6 mål
August Dygd Moberg: 2 mål
Israil Edilsultanov: 1 mål

Kjell Håvard Tuv ny leiar i Valdres FK

På det ekstraordinære styremøtet i Valdres FK måndag kveld vart Kjell Håvard Tuv valt til ny leiar. Ny nestleiar blir Ole Arne Kvålshaugen. Klubben har stått utan styreleiar sidan Olav Martin Belgum trakk seg frå stillinga i vår. Den nye leiaren får mange utfordringar å ta tak i, men å få økonomien på rett spor er utan tvil jobb nummer ein.

Kjell Håvard Tuv var aktiv fotballspelar på slutten av syttitalet og byrjinga på 80-talet. Dei fleste kampane spelte han for Fagernes IL, men driblefanten var også innom Aurdal/Leira og Ås. I dag er det sonen Kristian som har teke opp arven på midtbana til Valdres FK.

-Kjell Håvard, som aktiv var du nok meir kjend som individualist enn som lagspelar. Korleis er det med organisasjonsmannen? -Nja, svarar Tuv, livet har lært meg at skal ein få til noko må ein samarbeide og jobbe mot felles mål. Det blir det kollektive arbeidet som dreg lasset!

- Kva blir viktig i tida framover? - Som sagt er økonomien største utfordringa. Vi må også ta ein strategidebatt om kor klubben skal gå framover. Her kjem styret til å invitere folk som har viktige tankar å koma med og som har kompetanse på området. Men dette er sjølvsagt eit langsiktig arbeid.

Vi ønsker den nye leiaren lykke til med oppgåva!

Gå til nyhetsarkivet

Kommende kamper på Blåbærmyra
onsdag 24.04 kl. 19.29
Valdres FK - Nordre Land
G19 Elite
søndag 05.05 kl. 15.00
Valdres FK - Flisa
4. div menn
søndag 05.05 kl. 15.00
Valdres FK - Fron/Otta/Lom
4. div. kvinner
» Valdres TV » Facebook
GENERALSPONSOR
HOVEDSPONSOR