Valdres FK - Flisa » Gjensidigebanen KG » 5. mai 2024 15.00
Seniorlagene
Valdres FK jr - Elverum
Gjensidigebanen KG
27. april 2024 13.00
Valdres FK jr  -  Nordre Land
Gjensidigebanen KG
Mikkel Lysne Bellika: 6 mål
August Dygd Moberg: 2 mål
Israil Edilsultanov: 1 mål

Gjensyn med Christian Bwamy på Blåbærmyra

Det blir eit gjensyn med tidlegare Valdres-spelar Christian Bwamy når Fram Larvik møter til kamp på Fagernes laurdag. Bwamy gjekk til Larvik etter ein sesong i Valdres, der han til tider imponerte stort offensivt. Så spørs det om Valdres-laget kjenner Bwamy såpass godt at dei også veit korleis han kan stoppast.

Fram Larvik ligg på tredje plass føre denne serierunda, tre poeng framfor Valdres. Men mens Fram har scora 24 mål så langt, har Valdres berre notert 17. Ein spelar å sjå opp for i tillegg til Bwamy er Bonaventure Maruti, eller Boni som han blir kalla. Boni står med 14 landskampar for Kenya og spelte også cupfinale for Follo eit par sesongar attende. Trenar Tom Helge Jacobsen har elles lagt vekt på det defensive i førebuingane til kampen. Han meiner også å vere godt orientert om styrkene og svakheitene til Valdres, ifølge nettsidene til Fram.

For Valdres manglar Mesût Can, som er i Tyrkia ein snartur, og Joakim Wiik, som er ute med skade. Wiik tråkka over på trening før Nybergsund-kampen, men er venteleg med at mot Strømsgodset neste helg. Det er elles klart at Shkodran Rexhaj er ferdig i Valdres FK. Rexhaj har ikkje funne seg til rette i Valdres, og er samd med klubben om å avslutte kontrakta.

DSC_0608.JPG

Shkodran Rexhaj reiser frå Valdres.

Gå til nyhetsarkivet

Kommende kamper på Blåbærmyra
onsdag 24.04 kl. 19.29
Valdres FK - Nordre Land
G19 Elite
søndag 05.05 kl. 15.00
Valdres FK - Flisa
4. div menn
søndag 05.05 kl. 15.00
Valdres FK - Fron/Otta/Lom
4. div. kvinner
» Valdres TV » Facebook
GENERALSPONSOR
HOVEDSPONSOR