A-lag Herrer
Østsiden 1 - 4 Valdres FK
Østsiden idrettsplass
Simen Høglien: 15 mål
Kyle Spence: 10 mål
Thomas Brekken: 6 mål

Vanskeleg å hente poeng på Toten!

Valdres skal søndag til Toten for det som kanskje er den vanskelegaste bortekampen i år. I løpet av tida i andre divisjon har Valdres berre fått med seg eitt poeng frå Raufoss, mens vi derimot har vunne samtlege heimekampar mot totningane. Vertslaget er i år som tidlegare sterke heime i "bobla", mens det straks blir verre når dei må ut i friluft.

Heller ikkje til denne kampen kan Valdres stille fullt lag. "Pachu" er truleg ute til sommarferien med det som ser ut til å vere ein rift i lårmuskelen. Shkodran Rexhaj måtte sy saman panna under kampen mot Tønsberg, og  Raufoss-kampen kjem litt for tidleg for han. Ny på skadelista er Knut Masdal, som fekk ein smell i ankelen på trening og er usikker til søndag. Runar Brenden er truleg tilbake i troppen, men er neppe i full kampform enno. Det er difor usikkert kven som stiller på høgre back på Raufoss.

Før kampen ligg Valdres tre poeng framfor Raufoss på tabellen. Så får vi sjå korleis stoda er søndag ved åttetida.

Kampodds:

Betsson:  1,83       3,85     3,20

Nordic Bet:  1,90     3,90      3,25

Norsk Tipping:

DSC_0369.JPG

Valdres øver inn nye formasjonar til kampen mot Raufoss. Mato (t.h.) er ikkje heilt med på notene.

Gå til nyhetsarkivet

Kommende kamper på Blåbærmyra
» Valdres TV » Facebook
GENERAL
BANK & FORSIKRINGSLAUGET
HOVEDSPONSOR GULL