A-lag Herrer
Østsiden 1 - 4 Valdres FK
Østsiden idrettsplass
Simen Høglien: 15 mål
Kyle Spence: 10 mål
Thomas Brekken: 6 mål

Ingen mål, men 2. divisjon også neste år

Ingen av laga greide å score på Blåbærmyra i ettermiddag, men det er likevel klart at Valdres spelar andredivisjonsfotball også neste år. Vålerenga 2, Tønsberg, Ørn og Lillehammer må kjempe for å unngå nedrykk i siste serierunde.

Det var ein underhaldande kamp med mange sjansar i dag. Valdres hadde dei fleste, og også det meste av spelet. Men kvaliteten på avslutningane var også denne gongen for dårleg, og dermed enda det 0-0. Med 35 mål på 25 kampar er Valdres det tredje dårlegaste laget i avdelinga når det gjeld å score mål.

Det var likevel god vilje i Valdres-laget, og spelet var noko av det beste vi har sett på Blåbærmyra i år. Trener Skjærstad hadde valt å sette inn junioren Henrik Fossholt på midtstopparplass, ettersom Srdjan Radovic måtte stå over grunna karantene. Fossholt løyste oppgåva så bra at Drageberget kåra han til lagets bestemann! Ein annan ungdom, 17-årige Lars Fredrik Brateng frå Leira, fekk sine første minutt med andredivisjonsfotball då han kom inn mot slutten av kampen.

 DSC_0942.JPG

Det er positivt for framtida at så mange unge spelarar kjem inn og løyser oppgåvene godt. Juniorlaget står no på terskelen til å rykke opp at i interkretsserien, og ungdomar som Kristian Tuv og Desmond Chappy har i løpet av hausten etablert seg i førsteelvaren til seniorlaget. Dermed er det spørsmål om å få ny trenar, ny keeper og ein stamme av rutinerte spelarar rundt ungdomane. Av spanjolane har "Pachu" eit år at av kontrakta, mens det er usikkert om Alonso og Manuel blir lenger enn ut sesongen. Det kan ikkje vere tvil om at kvaliteten til desse spelarane er av stor verdi når det gjeld å utvikle eigne ungdomar, og det er difor viktig at klubben strekker seg så langt som råd for å få dei til å bli.

DSC_0923.JPG

Kristian Tuv er ein av spelarane med størst utviklingspotensiale.

Etter kampen i dag vart Morten Skjærstad, Srdjan Radovic og Kai Erik Rundbråten takka for lang og tru teneste på Blåbærmyra.

Gå til nyhetsarkivet

Kommende kamper på Blåbærmyra
» Valdres TV » Facebook
GENERAL
BANK & FORSIKRINGSLAUGET
HOVEDSPONSOR GULL